mandag 8. november 2010

Etter langt om lenge og lenger enn langt=)

IMG_0720

På forrige mandag var vi i rettsak. Vi blei stua ned på ein benk og satt ganske intimt med alle. Sakene handla stort sett om fedre som ikkje hadde betalt barnebidrag, eller at dei krevde farskapstest. Vi tre mzunguane forstod ikkje so veldig mykje, sidan det stort sett gjekk på kiswahili. Men då er det bra at vi har Janice som oversettar. Maxwelll var med oss. Etterpå var vi og kjøpte avskjedsgåve til unis. Ho hadde siste dagen på mandag, noko vi synes er ganske so trist. Babywing blir ikkje det samme uten ho!

På onsdag, fekk Martin gatebarnjobbar endelig viljen sin. Han fekk eit møte med oss. Herlighet so han har ringt og styrt på for å få kontakt med oss. Vi møtte han då vi var på ditta super Kenyanske teateret. Han jobba på youth centre. Senteret er kanskje mest tilrettelagt for gatebarn, men alle kan komme innom. Dei har tilbud om Billlig helsesjekk, HIV, test, opplæring som syerske eller frisør.Har også eit lite bibliotek og internett tilbod. Målet er å få ungdommane i aktivitet, og få dei til og gjere noko ut av livet sitt. Og ikkje tilbringe tida si på gata.

Etter at vi var ferdige på youth centeret var vi ein tur innom eit teater hus.Dei kallar seg for s.a.f.e  og aktiviserar ungdommar  i lokalsamfunnet. gjennom teater. Dei problematisera generelle ungdoms problem og då spesielt hiv og aids. Vise fordela ved å teste seg, og liknande. Ein kan kalle det for eit opplysande tater.Skodespelarane er småtalent ifrå lokalstedet.

Når vi endeleg var ferdig på Teateret var det tid for det vi alle hadde venta på, nemleg ein tur til Mamba villige. Det er ein krokodillefarm med over 10 000 krokodille. Grunnen til eksistensen av denne farmen er at dei selger korkodille skinnet til mellom anna Italia og Frankrike. Vi smakte på kokodillekjøt, og det var faktisk ganske godt. Og vi blei opplyst om at det einaste ein kan ete på krokodillen er halen, resten av den er giftig. Vi fekk guida omvisning. Og eit av høgdepunkta skulle vere Big Daddy. Skuffelsen var stor når vi ikkje fekk sjå han, for han likte visst å tilbringe mesteparten av tida si i vatnet. Der og då tenkte vi at heile turen kanskje bare var bortkasta. MEN det var før vi fekk sjå babykorkodiller. Då enda det opp med testing av motet vårt. og i tur og orden fekk vi plassert ein babykrokodille på hudet og ein i handa. Var igrunnen ganske so redd, og dei rundt oss fekk sikkert ein god opplevelse dei og.

Etter at vi var ferdige å sjå på krokodiller, skulle vi til det lisje(skuffandes) akvariet som dei hadde. Det var heilt OK å sjå. Etter å ha sett litt fisk og korallrev bevegde vi oss over til slangane. Eg hadde lova meg sjøl opptil fleire gongar at eg aldri i heile mitt liv skulle ta eller holde i ein slange. Når vi kom til slangane fekk vi sefølgelig tilbodet. Med hakeslepp stod vi og såg på Katrine som plutseleg bare hoppa ut i det. I sjokktilstand(vil eg påstå) heiv vi oss andre rundt og gjorde det samme. Veit ikkje om det har gått opp for nokon av oss at vi faktisk har hatt ein pytonslange rundt halsen. Stakkars han mannen som var med oss, for eg trur kanskje han enda opp både med kloremerke og mange svette klamringar. Det var vertfall en opplevelse som vi kjem til å leve på resten av livet, det er eg sikker på!

På torsdag, var det tid for besøk av lærerane våre. Vi hadde fyrst ein samtale der vi studentane, lærarane, Mama Susan, Kristen og Peter var til stede. Vi snakka om korleis opphaldet vårt hadde vert til no. Mama Susan gav oss utrulig mykje skryt, noko som sjølvsagt er kjekt å høyre. Men som Jeffen sa; Det seier du kvart år! =) Men Mama Susan stod på sitt og meinte at det var noko ekstra med nyskjerrigheten vår. Vel, vi takkar for det! =) Etterpå åt vi lunsj med lærarane, og hadde individuelle samtalar.

Janice reiste heim torsdags kveld for å delta i bryllup til kusina. So på fredag tok vi oss ein tur på stranda. Det kom kanskje ikkje akkurat som eit sjokk. Men vi koste oss på madrassene våre. Og fortelle skrøne historier til alle dei plagsomme folka som absolutt må snakke med oss.

På Lørdag hadde vi  besøk av unga på barneheim, vi var eit samla antal på 12 personar i hus. Vi lagde, spaghetti og kjøttsaus til middag. Det var absolutt ein trevleg dag, men herlighet so travelt det var! Ikkje kan eg skjønne korleis nokon orkar å ha barneselskap. Ungane var overalt, og støynivået var høgt. Og vi enda opp med eit ødelagt dolokk, og eit x-antal bilder av tv, skap, maten i kjøleskapet, senger do, osv. Vi retunerte dei i hal 7 tida, og var igjen ei lita stund med dei andre ungane. Veldig kjekt å vere der på kvelden når alle er samla! =)

På søndag var det strandliv igjen, og det trengte vi virkelig etter dagen før!

Idag har vi bare gått og svirra rundt på barneheimen. Og oppretta konto, og håpar dokke vil støtte oss i innsamlinga vi har begynt. Kan legge ut meir informasjon om dette seinare.

Til sist kan eg fortelle at vi har fått (u)hyggelig besøk av mister mouse igjen. Dinna gongen fann vi han på kjøkkenet. Vi gjekk for å hente hjelp, og hjelpa kom og hjelpa og kosten var på kjøkkenet for å jage musa. Og jammen meg det so kom den inn i stova til oss, og forsvant igjen. Ikkje veit vi kor den no er. Men kanskje vi ser den igjen en anna dag =S Fortsatt har vi dolekasje i hus, yammi! Merkelig at han derre rørleggaren aldri skal komme igjen ifrå Nairobi…

No er vi veldig klare for ein avslappande kveld foran dataen med ei episode av How i met your mother! =)  God kveld folkens

Sigrid! =)

1 kommentar:

  1. Kjekkt å lese brev fra dere, gleder meg til å få se bilder fra krokkodille/slange farmen, dere er tøffe. Hilsen og klem fra Yvonne

    SvarSlett