No er det lenge sia vi har blogga, og det har sine grunnar, nemmelig internettproblem. Det vise seg det at vi har blitt narra. Godtruande var vi og kjøpte oss internett med Zain. Dei skulle garantere oss 20 dagar med ubegrensa tilgang på internett. På søndag kveld kom vi oss ikkje inn, merkelig merkelig tenkte vi. Det viste seg at vi ikkje hadde meir kreditt på kortet. Takk for den! Janice seie at det bare er reklame og har aksepert at det er sånn. Men vi som nordmenn(nordkvinner) har store problem med å skjønne at dette i det heile tatt kan vere mulig. Vi fekk høyre at YU skulle vere billig internett, og avtalen der er ganske fin, 30 daga ubegrensa internett. Men det er treige saker! So neste internett vi no skal prøve er Orange.
Vi har og vert so “heldige” å ha besøk av magesjuka her i hus. Katrine var fystemann(dame) ut, og stakkars jenta låg heile natta med smerte. Dagen derpå hengte eg og Renate oss på, og vi har ynka og klaga oss i eit par dagar. Det var IKKJE noke kjekt, og heimlengselen blei litt sterk når vi satt på kvar vår do og tenkte på kor forferdelig vi hadde det. Janice har sluppe billig unna. Ho har bare hatt litt haudeverk på grunn av for lite søvn, årsaken til det er at ho sit å chattar med kjæresten sin til langt på natt, og må tidlig opp.
Dinna veka har vi hatt møter med Mama Susan. Der vi har fått masse informasjon om organisasjonen vi arbeida under, og kva dei jobbar med, veldig spennande. Vi kom mellom anna inn på temaet omskjæring, ifølge Kenyansk lov er det ulovleg. Men i dei ulike kulturane er det akesptabelt, mellom anna i Masai stammen. Vi fekk ein demostrasjon av Mama Susan om korleis det føregjekk, og vi sat alle og grøssa ved tanken. Tanken på alle bakteriar som vil samle seg og infeksjona som vil komme fordi ein er sydd igjen, og ikkje får kvitta seg og vaske seg slik som er nødvengig.er ikkje heilt grei. Dette skal forebygge uønska graviditet og sex før ekteskap. Men det må då virkelig vere ein anna mulighet enn omskjæring?!
På barneheimen fekk vi beskjed om å velge oss ein unge, dette skal vi gjere slik at vi kan følge med på utvikling som skjer, og at dei som jobbar der skal kunne sjå korleis vi håndtera det. Heilt ærlig so har eg ikkje lyst til å velge, og sidan det på babywing er so få ungar, ser eg heller ikkje heilt vitsen. Veldig vanskelig å skulle velge ut nokon.
Nokon av ungane på Barneheimen.
Vi har og vert og besøkt slummen Muoroto. Det var veldig spennande, utrulig at folk kan leve sånn. Vi fekk sjå skulen som dei har der, den var liten og trang, og veldig varm. Det ser ut som om dei stua alle ungane inni der. Dei har ingen do å gå på, so ein bare gjere sitt der ein er.
Flying toilets er vanlig i slummen, det vil sei ein bæsja i en pose og kasta det ut døra eller vinduet, rett og slett der ein kunne ønske. Vi fekk også sjå eit ferdigbygd prosjek, fellesbad i slummen, som inneheld to toalett og ein dusj. Det kostar rundt 7000 norske kr. å bygge,noko som er veldig dyrt for dei, og dei som vi bruke denne doen må betale 20bob kvar veke. Dei håpar på å få bygge ein til, men foreløbig set det økonomiske grense for det. Vi fekk også sjå det nye vannsystemet deira. Dei har fått bygd ei vannpumpe, som gjer at dei sleppe å gå so langt for å hente vatn. Det hjelpe veldig på i ein tung kvardag.
Her ser vi bilde av vannpumpa, litt av skulen, og eit hus heilt til venstre. Utrulig at nokon kan bu der, men det er heilt sant!
Vi har møtt George, og det synes vi er kjempekjekt! Vi blei tipsa om han via dei jentene som var her i Mombasa ifjord. Veldig hjelpsom og snill gut! :-)
Vi skal få prøve å lagt ut noken bilde av leiligheta vår. Den er eigenteleg ganske ok, men kjøleskapet er litt for lite, og vi manglar varmtvatn, til stor frustrasjon hos enkelte. Folk har vert her for å fikse det mang en gang, men det vil altså ikkje fungere. Vi gjekk og tomt for vatn tidlegare i veka, (heldigvis etter mageproblem) vaskedama lot det stå å renne for lenge…(vi vaskar ikkje våre eigne kle). Katrine var på nippet til å sjekke inn på eit hotell for å få ein dusj, men før ho rakk det, fekk vi heldigvis vatnet vårt igjen, då vart vi alle glad.
Eg gleda meg til å sleppe å gå uten sko, her blir det liksom aldri heilt reint, og vi får derfor med ein følelse av å alltid vere skjetne. Og vi går med sko heile tida, gleda meg til vi kjem heim til Norge og eg sleppe å gå med sko inne! Og for dokke som tenke at vi bare kan vaske, so Nei, det går faktisk ikkje, det har noko med lufta her å gjere, at det like fort blir svart igjen.
Idag, lørdag var vi på barneheimen og fekk treffe skuleelevane. ALLE måtte presentere seg sjølv og svare på nokon spørsmål, det gjekk greit. Men vi synes det at dei snakka ganske lavt, so vi fekk igrunnen ikkje med oss so mykje som vi kunne tenkt oss. Det verka for at dei andre vaksne høyrte ka dei sa, so ikkje skjønna vi kor god hørsel Kenyanara har, med tanke på den enormt høge musikken som dei har i matatuane sine. Eg er sikkert på at hørselen min har sonke noken hakk når eg kjem heim!
Ikveld skal vi ha spelekveld med dei folka som bur rundt her, og vi skal ete pizza. Vi har mista litt lysta på heile greia etter at vår nabo ifrå Pakistan har komt med ekkle bemerkningar, som at vi ikkje bør ha på oss so mykje kle. So ditta her blir nok fyrste og siste gang. Heldigvis har vi fått ei god unnskyldning no, vi skal opp kl 06.00 imåra tidlig og gå i veledighetstog for gatebarna i Mombasa.
Ditta var det nye ifrå oss dinna gongen, og vi skal prøve å få oppfatert litt oftare :-)
Sigrid
Det høres ut som dere får oppleve mye spennende og jeg er dødsmisunnelig!! Overrasker meg ikke at du ville ta inn på hotell Katrine. haha. Savner deg. Klem Mette <3
SvarSlett