Gardemoen:
Dagen for vår del begynte 03.30, då måtte vi opp og til flyplassen. Vi var veldig spente og såg fram til å komme oss på flyet og bare slappe av! Vi hadde to gode timar på oss til flyet skulle gå, og takk og lov for det, når vi kom og skulle sjekk inn på KLM viste det seg at vi skulle ha bestillt visum på førehand fordi vi skulle vere der meir enn 3mnd (som er vanlig turistvisum) so då måtte vi gå fint ut av innsjekkingskøa og bort i billettluka for at dei der skulle bestemme om vi skulle får reise eller ikkje. der måtte vi stå i 20min og vente, og vi blei meir og meir stressa. Etter mykje om og men enda det med at vi måtte bestille oss bilett til Johannesburg, ja, vi skal faktisk reise dit 11november, blir sikkert koselig. :-) Vi måtte ut med 4000kr, men heldigvis er billettane refunderbare, det hjalp ikkje akkurat på humøret at vi bare hadde sove 2-3 timar. Etter at dette hadde ordna seg var vi begynt å få skikkelig dårlig tid, og vi spurta til flyet og kom oss ombord, då kunne vi puste letta ut!
Reise til Amsterdam gjekk ganske greit, fekk eit ekkelt rundstk. til frokost, og Katrine var den einaste som åt det opp, konklusjonen på heile turen er igrunnen at Katrine er ei som kan ete alt :) I Amsterdam var det 2 timar venting, som var ganske kjedelig, vi hadde ikkje tilgang på verken mat eller drikke.
Flyet Ifrå Amsterdam til Nairobi var veldig bra, vi fekk masse mat og drikke, føle vi har ete i eitt sett, so vi har ikkje fått sove so mykje som vi kunne tenkt oss. Vi hadde tv med filmar, seriar, spel og anna moro. Eit fint blått teppe og pute. Renate har hatt veldig mange fine opplevelsar på turen ho var bra heldig som fekk en koselig masete mann på si side, heile turen satt ho vel stort sett bare og sa hæ til han, han var dårlig på å oppfatte signal, då han bare bryte ut i samtale med ho når ho sitte å ser på film.., ho hadde og eit hyggelig møte med ein nygift amerikaner som trakka ho på føta, og gneka utstyret sitt opp i ansiktet på hon.
Alt i alt var flyturen veldig bra, men dei siste 40 min. tok ganske lang tid. Når vi endelig landa kom vi oss fort avgårde for å få kjøpe visum. Vi valde tydelgivis feil visumkø, for det tok aaltfor lang tid. Vi måtte smile fint og ta fingeravtrykk. Det mest provoserande med heile visum opplegget er at han mannen faktisk ikkje såg på billetten engong til johannesburg! Bagasjehenting har vi aldri venta so lenge på, tippa på at vi stod der i minst45.min og vi vart varmare og varmare! heldigvis kom alt til slutt. Vi var forventingsfulle på å møte Sammy(lokal venn av skulen), vi hadde avtalt med han at han skulle hente oss. Når vi kom ut fann vi ingen Sammy, og ikkje noke skilt med volda på. så vi laga eit sjølv i håp om at han skulle sjå oss. Etter å ha leita å venta i ein halvtime, gadd vi ikkje meir, og tok ein taxi. Det vi fekk høyre dagen derpå var at han hadde sotte heile natt til lørdag og venta på norske studentar som skulle komme(ooops)
kivi miliani- hotellet
Turen til hotellet gjekk fint, og vi fekk god service med bagasje, kontra dei andre i klassa vår som har komt seinare er vi dei einaste som har fått bagasjen bært inn på hotellet og opp på rommet( sså vi er fornøgd) hotellet er sånn bob bob, sengene er harde som stein, dusjen leke( vi hadde vatn heilt ut i gangen) og mugg, og do er vanskelig å skylle ned. jippii.
Søndag i Nairbi:
Dagen vår i nairobi starta 08.00 då var det tid for frokost. sånn veldig imponert vart vi ikkje, varme bønner og tomat med ost ekje akkurat noke som felle i smak her i gården. Eg og Katrine blei redda via en omelett, medan Renate holdt seg til ei bob bob sylte! igrunnen ganske rart at dei har ein del brød å velge mellom, men ingen pålegg..
Heidi i klassa kom til frokost og vi bestemte oss for å reise å ta ut pengar, måtte ha oss noke vatn. Fekk en super hyggelig taxidriver Joe, som tok oss med på ein elefantbarneheim og sjiraff mating. På Elefantbarneheimen var det mange foreldrelause elefantungar som blir tatt hand om av dyrepassarar, dei blir mata med melk kvar 3 time, 24timar i døgnet, elefantungane var veldig menneskevennlige og søte! Vi fekk sjå vortesvin og nasehorn og, ganske kult! :) På sjiraffplassen var Heidi tøffast av oss og fekk eit saftig ogg vått kyss med ein sjiraff, koselig. Desse begivenhetane har vi brukt 100kr for, so vi va ganske fornøgd med dagens opplevelsar.
Vi hadde Felles middag med alle som skal ha praksis i kenya, der fekk vi servert mindre velsmakande mat og der var nokon ekkle kattar som gjekk rundt føta på oss. Vi fekk smake Ugali for fyrste gong, og ifølge Consolata og Alice var den ikkje god, og vi kan godt sei oss einige i det!. Etter middagen var det rett heim og rett i seng, for vi måtte opp 04.30 pga fly til Mombasa.
Mombasa:
VI reiste ifrå hotellet 05.00, noken superhyggelige kokka hadde laga ein deilig frokost til oss, som vi fekk med oss på reisa til flyplassen. På flyplassen måtte vi ta farvell med vår venn taxidriver Joe, og han fortalte oss at vi måtte reise til Mombasa, gjere ferdig studiene våre, og retunere til Nairobi etter studia og gifte oss! Vi fekk oss ein god latter over det! Vi møtte Janice med familie på flyplassen, å stakkars jenta hadde venta der i nesten 2 tima på oss.
Vi ankom Mombasa 08.00, og når vi gjekk ut av flyet kunne vi bare kjenne kor fuktige vi blei, heilt utrulig rart. So måtte vi på do, og vi fekk vårt fyste kulturelle sjokk, det var ein do med hol i bakken. Renate; ånei ånei ånei ånei.. Sigrid: ka? Renate: Her er en do med hol i bakken. Vi kjem oss begge på do, og Sigrid kan skryte til Renate; Eg har sitte do eg! :D
Vi tok Taxi til barneheimen, etter litt ekstra omvisning( fordi taxisjåføren ikkje visste kor vi skulle) enda vi på rett kjør. Vi blei veldig godt mottatt på barneheimen, og fekk ei omvisning. Etterpå reiste vi til leiligheta vår, og fekk pakka ut. Etter litt kviling skulle vi ut og handle, og idag har vi handla for like mykje som en kenyaner tjena på ein månad. Kan tru vi ikkje følte oss so høge på pæra då akkurat.
Idag har det blitt veldig mange inntrykk, og trafikken her i Kenya er uforståelig, går med en følelse av at en skal bli påøyrd heile tida, men tilvenninga kjem sakte men sikkert. Imåra skal vi på barneheimen og møte alle dei barna som bur der, det gledar vi oss veldig til.
Forresten har heile gjengen fått seg kenyanske nummer, og for oss er det ganske dyrt å ringe heim. Eg har allerede brukt opp kreditten min, sjøl om det bare var 3min ringing heim til Norge. So om dokke vil snakke me oss, er det faktisk dokke som må ringe! :D nummer ligg på vår facebook! :-)
Heilt til slutt so må eg bare få gratulere den hærlige nevøen min med dagen, og eg skulle virkelig ønske at eg fekk vere ilag med han idag! Tanta er glad i lisjegullet sitt! :-)
Litt bilder ifrå turen so langt, sia det tar so lang tid å legge ut, tar vi litt om gangen, har hundretalls bilde å vise fram! :)
Sigrid Elise!
off..for en dårlig start:S men bra d gjekk bra til slutt:) kjekt å lese blogg:D :D Mari B.M
SvarSlettDet var ein lykkelig treåring som gjekk til sengs i kveld! Takk igjen for gåva Sigrid :) Kjekt å prate med deg i sta, sjølv om det hakka litt på slutten.
SvarSlettKos dokke masse jenter! Oppdater bloggen ofte, så vi her heime kan ta del i kvardagen i Mombasa :) Gje beskjed viss dokke svelte, so skal vi sende nedover tørrmat og hermetikk ;)
Christine
Jambo, Rafiki!!!
SvarSlettEg får helt vondt av å lese alt her!! E so misunnelig!! :) Skal dokke handle, ta matatu "FERRY" Til Nakumatt Likoni!!! Trenge du en taxisjåfør så har eg en du kan få nr til :) det skal forresten koste 15 shilling me matatu og 100-150 shilling me tuk tuk fra nakumatt til tudor poly (der dokke bur)!! Helse Mama Susan, Maxwell, Kristin og spes Mama Eunice :) og ikkje minst gutten min: Junior Vincent (evt Obama no, har eg hørt!!) siste eg vil ha me: KOS DOKKE!!!!!!!! Kwaheri :)
Klem fra Hilde Marie