No er det jammen det atter en gong blitt ei stund sia vi har blogga! Den har rett og slett dotte ut av tankengangen vår. So dokke lure vel på ka vi har styrt med den siste veka? Vel, her kjem ei oppdatering! :)
På torsdag var vi på Wema Centre, dette er eit senter for Gatebarn. For å nå til gatebarna er det ein lang prosess. Det er ulike gjengar, og kvar gjeng har ein leiar. Det er om og gjere å komme i kontakt med denne leiaren, og når ein blir betre kjend, vil han kunne vise fram til andre gatebarn. Det senteret vi var på er for kvinner, so dei kan komme dit og mellom anna få undervisning og utdanning. Ein lære mellom anna å håndtere data og matlaging, og ein lærer også om frisøryrket. Det er eit ope senter der barna kan registrere seg, og delta på ulike aktivitetar på dagtid. Dei får også mat, og legesjekk om nødvendig.
Dersom dokke er interessert kan dokke gå innpå heimesida deira og lese meir: www.wemacentre.org
På fredag hadde vi møte med chief. Chiefen har ansvaret for området rundt Tudor. Ho har ansvaret for ca 35.000mennesker, der målet er og holde orden og fred og passe på at borgarane følge dei lovane og reglane som staten har bestemt. Det liknar litt på kommune systemet som vi har i Norge. Det var eit spennande møte, og vi fekk høyre om arbeid som ho har gjort. Ho fortalde mellom anna om episodar der ho har måtta identfisert personar, som har blitt mishandla til døde. Å høyre nokon fortelle dette, gjer inntrykk! Renate stakkars var sjuk dinna dagen, so ho fekk det ikkje med seg. Ho fekk heller ikkje vere med på stranda. Sjøl om eg trur at ho var den som hadde gleda seg alller mest av oss! Men eg og Katrine hadde det ganske koselig på Pirate beach. Her fekk vi og vår eiga vaktbikkje. Ein eller anna med rar hatt, kom og prata med oss. Og blei sittandes hos oss til vi skulle fare. Når vi skulle gå, hadde han noko viktig han måtte fortelle til oss..Han lurte på om eg og Katrine ville bli kjæresta med han. Vi fortalte det at vi skulle gifte oss når vi kom heim. Men det såg ikkje han på som noke problem, for en måtte jo ha en kjæreste i Kenya! =)
På søndag skulle vi på stranda igjen, men dinna gongen var det eg og Renate som reiste, for Katrine var blitt so uheldig å ha fått soleksem etter for mange tima på stranda på fredag, og god optimisme med solfaktor 10 =) ..Janice, vil aldri vere med oss, so ho gjekk i kirka, for ho meina sjøl at ho får en sånn stygg farge av å vere på stranda....=) Sefølgelig møtte vi på vakbikkja då og, og han satt fint inne på land og passa på tinga våre, medan eg og Renate låg ute i vatnet heile tida! Vi har nemmelig gjort ei heil genial invistering, vi har kjøpt oss flytemadrasse, og for å sei det sånn, so er det vanskelig å få oss av når vi fyrst har komt på! :)
På mandag var vi ein tur på Swahili culture centre. Der visstnok heile vitsen var at vi skulle lære forskjellen mellom Swahili og Kiswahili. Men det skjønte vi ikkje før vi gjekk der ifrå. Vi fekk mykje interessant informasjon, det einaste som var veldig forstyrrande var at dei dreiv med litt renovering, so vi høyrte igrunnen stort sett bare donk donk. Vi lærde kjenneteikn på den typiske swahili stamma, som kjem herifrå Mombasa. Forskjellen på Kiswahili og Swahili er at kiawahili er språket som snakkast i Kenya medan Swahili er stammen. So enkelt! =)
Igår hadde vi en rolig dag på barneheimen. Renate og Janice blei med dei to minste babygutane våre til sjukehuset, der dei skulle ta vaksine. Eg og Katrine blei verandes igjen med dei andre. Og vi kosa oss. Vi var og ute og åt på Blue room ilag med George og Cornell. Lenge sia vi har sett dei no, so det var kjekt å treffast igjen! På Blue Room har vi forelska oss i milkshake vanilla, so det er blitt en standard ting og bestille som dessert! :-) nam nam!
Idag, altså onsdag. er det helligdag her i Kenya. Det vi har fått med oss av det er at vi feriar den fyrste presidenten i Kenya. Så det er tog og greier i byn. Vi valde å ikkje ta del i denne hendinga, og tok oss heller en tur på barneheimen der vi fekk helse på enda fleire av ungane som er der. Og det var veldig kjekt. Vi gleda oss til desember når det er skulefri, og dei kjem til å vere på barneheimen sånn at vi kan få bli litt bedre kjent med dei!
Etter besøket på barneheimen tok vi oss ein tur til Haller park. Det er en dyrepark her i Mombasa. Vi fekk sjå mega store skilpadde, det synes vi var det beste! :) Ellers var der krokodille, flodhest, fisk og giraffa. En ganske koselig plass, og vi har skjønt enige om at det hadde vert en perfekt søndagstur med nokon du er glad i! =)
Renate og Katrine bruka å vere på internett cafe, der møtte dei ei dame som insisterte på å få kjøpe dei fine skoa deira. Ho kraup nesten under bordet for å få eit blikk på dei nydelige sandalane. Men dei bare lo det fint vekk, og gjorde alt i si makt for å bli kvitt ho..=)
Ellers so gratulera eg bestaste Lisa med dagen idag! =)
Sigrid!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar