Då har det atter ein gong gått over ei veke sia vi har blogga, tida her nede er snart over, kun to veker gjenstår, so vi suge til oss alle opplevelsar som vi kan få, og ting som blogging blir nedprioritert og gløymt! =) Men uansett, sidan sist har vi igrunnen ikkje gjort so altfor mykje. Forrige lørdag skulle vi på rugby kamp, ja, merk dokke skulle. Vi inviterte med oss noken av ungane på barneheimen og skulle bli henta av rugby mannen klokka to. Klokka blei kvart over, hal, kvart på.Kvar gong vi ringte og maste, skulle han komme ganske so snart, Men etter å ha venta i 2 timar gadd vi rett og slett ikkje meir, so då tok vi med oss ungane på Chicken inn istede, der dei fekk ete god fast food og leike litt i ballbingen=)
Søndagen gjekk det i soling på stranda, Nakuru jentene hadde sin siste dag i Mombasa, so vi inviterte dei med på vår favoritt strand, Pirates beach. Vi hadde en koselig dag og kosa oss med mat og drikke. Utover dette har veka igrunnen gått i litt shopping, soling og ettermiddagar på barneheimen. Vi har vert med på bønnestund, der vi alle satt med hjerte i halsen i fare for å måtte sei noken strofa. Og sunge fader jakob for full hals! Noko som har blitt ein av favoritt sangane til barna på barneheimen. Det er utruleg kjekt å vere på barneheimen no når alle barna har skulefri, og støynivået er høgt. Dei er utruleg glade i å sjå på tv, so vi kjøpte med nokon filmar til dei. Vi skulle eigentleg sove på barneheimen, men på grunn av mangel på soveplass har dette blitt utsett foreløbig. So kvar dag når vi kjem no, får vi spørsmål om vi ikkje skal sove der. TIda vil vise kva som skjer! =)
På (forrige) Mandag var det barnedåp for 8 av ungane. Vi skulle eigentleg møte opp på kvelden, men flinke som dei er til å gje beskjed her i Kenya fekk vi mld hal 9 om av det skulle vere barnedåp kl 9. Det kunne vi ikkje gå glipp av, so vi stressa oss ut av sengene, dressa oss opp og for. Og som vanlig i Kenya, begynte det ikkje klokka 9. Men rundt 11, det er den kortaste seremonien vi har opplevd nokon gong, og eg trur alle var døypt innan knappe 15 minutt. Mama Susan sa ho hadde trudd at ditta her skulle vere ein litt større seremoni, men presten hadde andre planar, so det blei ikkje heilt slik!
Når vi var på Marked her om dagen, møtte vi som vanlig på dissa gubbane som springe etter oss og skal vise oss både det eine og andre. Og det er ikkje måte på kor godt dei lika oss! Janice sa at dissa mannane ikkje var noke bra, og at ho ikkje ville gå ilag med dei. Og ville bare vekk derifrå, vi skjønte ingenting og tenkte jaja. Vi og kvitta oss med dei, fordi vi gjekk på eit anna marked. Når vi kom heim igjens sa ho at dei hadde trua ei butikk dame med å drepe ho, fordi ho gav oss ein for lav pris, med tanke på at vi er turistar. Greia med dissa mannane er at dei selge ting for ein høgare pris, også tar dei “overprisen” sjølv, og gir resten av pengane til butikkeigare! Skitstøvla kalla vi sånt!
Janice hadde sin siste dag på torsdag, ho avsluttar litt tidligare enn oss og reiste heim på lørdag. Ho fekk sang og avskjedsgåve, og vi tre andre satt med hjerte i halsen og begynte å kvi oss til vi skal sei hade, for det blir nok ganske trist, og ikkje skulle sjå barna igjen! Vi hadde med oss ei gåve til dei, og det var ein kommode. Noko vi syntes var høgt nødvendig på babywing sidan den som står der mangla alle skuffe, so kleda ligge i ein stor donge på golvet. Dei blei vertfall veldig glade for den, og vi graverte inn navna våre på eine sida, veldig veldig fint!=) Han mannen som måtte frakte den syntes vi ganske synd på, vi snakka alltid om dei stakkarsane som slite på trille vognene sine stappa fulle av litt av kvart, og hadde det ikkje vert for at Janice gjekk ilag med oss når vi kom, hadde det føltes ut som om vi dreiv med slavearbeid! Vi var ikkje høge i hatten når vi kom gåande med en svettande arbeidande mann ved vår side, fysja!
På lørdag var vi oppe 05.00, då skulle vi nemlig på ferd for å sjå delfinar. Vi blei henta på Nakumatt Likoni og frakta til Wasini, der vi blei plassert på ein båt med omlag 20 andre. Vi fekk ikkje akkurat sjå delfinar, so heldige skulle vi altså ikkje vere, men vi fekk då en koselig tur med snorkling, og mat. Og vi fekk ete KRABBE, steik so godt det var, var heilt snydens!! =) Og her gjekk det an å ete alt, for her var ikkje sånn ekkelt grums som er i krabbane heime ;-)Nam Nam=) Etter båtturen tok vi oss ein tur til Karen(døttra til ein av lærarane våre) der skulle vi overnatte til søndag, sånn at vi kunne bruke heile dagen vår på Forty Thievs. Renate og Karen bestemte seg for å ta seg ein tur ut, og kom heim igjen når klokka var blitt hal 6 om morgonen, medan eg og Katrine for heim og la oss, noko som i seg sjølv blei eit prosjekt i seg sjølv sidan vi fann ein gigant kakelakk i skapet, og eg vil påstå at eg overdrive ikkje so veldig mykje om eg seie at den var 5 cm minst!! Fysj! Og i huset til Karen kryr det av mutant maura,æsj! So eg og Katrine fann ut at her gjekk det ikkje an å sove utan myggnetting, so vi stjal rett og slett den på rommet til Karen, sia ho ikkje bruka den=)
Eg og Katrine var oppe i vetig tid, sia vi hadde lagt oss i vetig tid ;-) So vi fann ut at vi skulle på stranda, det førte til litt shopping, med en mann som var veldig billig, aldri vert so enkelt å prute før! Ellers hadde vi en veldig fin dag på stranda igår kos!
Vi nordkvinner reiste avgårde før Janice på lørdag, so ho skulle levere nøkklane til Mandela( ein cafe mann) Og vi trudde at han budde her i samme huset som oss. Som dei genia vi er tenkte vi at ditta her ekje problem, vi henta dei på søndag når vi kjem. Men når vi kom heim på søndag, fann vi ut at her bur ingen Mandela i huset, so då satt vi utandørs og ringte den eine og den andre og prøvde å finne ei løysing på korleis vi skulle få oss inn, heldigvis fekk vi tak i Shelly(husverten) til slutt, og ho sa ho skulle komme innan klokka 8, og ho so gjorde so vi satt bare ute i to timar! ;) Myggen var vertfall godt fornøgde med at vi satt der! Nam Nam blod!
Vi har møtt på eit lite problem,vi reiser ikkje ifrå mombasa før den 16, og det vise seg at leilighetkontrakta vår går ut den 14. Jada, vi har vert veldig observange når vi skreiv under. So på fredag snakka vi med husverten om vi kunne bli her eit par dagar til. Problemet er at ho har leigd ut leiligheta ifrå den 15, pga høgsesong. Men ho skulle snakke med han mannen som skulle leige, om han kunne utsette eit par dagar. Dessutan blei prisen hennar også litt stiv, ho vil ha 8000bob pr natt, also rundt 800norske kr. noko vi syntes var i dyraste laget! Men no får vi bare vente i spenning å sjå kva som skjer!
Ha ei fortreffelig veke alle sammen! No begynne vi på siste veka på barneheimen! Det må utnyttast til det fulle!=)
Sigrid=)